tirsdag, 12 november 2019 12:42

Are Kalvø – Hyttebok frå helvete

Skrevet av

Den 12. desember 2019 kjem Are Kalvø til Ringerike Kultursenter. Det handlar om ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen

Are Kalvø er ein nordmann som ikkje verkar.

Han vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet, omgitt av fjordar og fjell som folk reiser halve kloden rundt for å oppleve, med turmuligheiter på alle kantar. Likevel har han aldri blitt ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg aldri tilbake. Dette har aldri vore eit problem. Før no.

For nokre år sidan begynte Kalvø å miste venner til naturen. Gode venner, som før alltid var med på pub for å prate tull, begynte plutselig å gå i fjellet, legge ut bilde av skispor, og i fullt alvor seie sånt som at det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er.

Ein dag måtte Kalvø innsjå at han ikkje hadde ein einaste facebook-venn som ikkje hadde lagt ut eitt einaste bilde av seg sjølv på eit fjell. For første gong sidan han blei tvinga til slikt på skulen, la Kalvø derfor ut på tur, på ski og til fots, for å finne igjen vennene sine. Og for å finne ut kva i alle dagar det er som skjer.

Resultatet blei «Hyttebok frå helvete», ei svært morsom og litt sint bok om vår tid og vårt merkelige forhold til naturen. Denne kvelden fortel han om turen, om vår tid, om naturen og om overraskande mykje anna som du ikkje trudde hadde noko med saka å gjere. Det blir stand-up. Det blir vitsar. Det blir tull. Det blir eit par uventa harde utfall mot alle som liker fjell betre enn folk.

Etterpå kan du snakke med Kalvø, seie bortimot kva du vil til han, og kjøpe signerte bøker.

Få billetter igjen! Billetter bestiller du her.

green spots

 

Sist redigert tirsdag, 12 november 2019 13:02

Andre saker å lese

Høiby løslates ikke fra varetekt

04-11-2026 Blålys brann politi ulykker NTB - avatar NTB

Marius Borg Høiby løslates ikke fra varetekt. Det har lagmannsretten bestemt, skriver Dagbladet.

Les mer i RingeriksAvisa

RingeriksAvisa får en teknisk oppgradering

03-11-2026 Blålys brann politi ulykker Frank Tverran - avatar Frank Tverran

Innen midten av november planlegger vi å oppgradere hele den tekniske plattformen til RingeriksAvisa. Målet er en avis som blir enklere å bruke og bedre rustet for årene som kommer.

Les mer i RingeriksAvisa

Hole kommune dyrest i Buskerud

03-11-2026 Nyheter Frank Tverran - avatar Frank Tverran

Hole kommune dyrest i Buskerud

Hole er den dyreste kommunen i Buskerud å bo i.

Les mer i RingeriksAvisa

Bil førte politiet på jakt i Ringerike – fører pågrepet

03-11-2026 Blålys brann politi ulykker Frank Tverran - avatar Frank Tverran

En bilfører unndro seg politiets kontroll i Hønefoss natt til tirsdag, etter at patruljen observerte bilen i høy fart i Vesterngata.

Les mer i RingeriksAvisa